Komande visningar

A Clockwork Orange (1971)

A Clockwork Orange (1971)

1971

Stad: Trudvang, Jarstadvegen 5, Dale i Sunnfjord, Norge

A Clockwork Orange (1971)
Regi: Stanley Kubrick · 136 min · Med Malcolm McDowell, Patrick Magee og Michael Bates

Få filmar har vore så utskjelte, misforståtte, hylla og kultdyrka som A Clockwork Orange, og alle har kanskje litt rett. Filmen byggjer på Anthony Burgess' roman frå 1962 og vekte sterke reaksjonar frå første stund. Etter skuldingar om kopivald og truslar mot familien hans, trekte Kubrick sjølv filmen frå britiske kinoar, og der vart han ikkje vist att før etter at Kubrick døydde i 1999.

Vi følgjer den ultravaldelege unge Alex og dei tre «droogane» hans gjennom nettlege herjingar, til han hamnar i fengsel og vert utsett for Ludovico-metoden: ei behandling som gjer at han vert fysisk sjuk berre ved tanken på vald. Kritikarane har særleg hengt seg opp i valden, men kjernen i forteljinga er eit moralsk spørsmål: Har staten, med vitskapen i ryggen, rett til å ta frå eit menneske det frie valet mellom godt og vondt, same kva det har gjort?

Filmen er òg ein bitande satire. Skulen, rettsvesenet, politikarane, dei intellektuelle, vitskapen og foreldra får alle gjennomgå. Berre fengselspresten slepp nokolunde unna. Og Kubrick trekkjer oss inn i Alex si verd med alle verkemiddel: Alex ser rett på oss og fortel historia utan motstemmer, kamera, lys og det legendariske lydsporet held oss på hans side. Vi skal heie på han, slik at vi òg må ta straffa saman med han.

Filmen vert introdusert av Brage Kosmo (tidlegare student ved European Film College), og styret i filmklubben vil presentere seg sjølve og programmet framover.

English

A Clockwork Orange (1971)
Directed by Stanley Kubrick · 136 min · Starring Malcolm McDowell, Patrick Magee and Michael Bates

Few films have been so reviled, misunderstood, celebrated and cult-worshipped as A Clockwork Orange, and each camp may have a point. Based on Anthony Burgess's 1962 novel, the film caused an uproar from the start. After accusations of copycat crimes and threats against his family, Kubrick himself withdrew it from British cinemas, where it went unseen until after his death in 1999.

We follow the ultraviolent young Alex and his three "droogs" through their nightly rampages, until he ends up in prison and is subjected to the Ludovico technique: a treatment that makes him physically ill at the mere thought of violence. Critics have fixated on the violence, but at its core the story asks a moral question: does the state, backed by science, have the right to strip a person of the free choice between good and evil, whatever they have done?

The film is also a biting satire. Schools, the justice system, politicians, intellectuals, science and parents all take a beating; only the prison chaplain comes out reasonably well. And Kubrick pulls us into Alex's world by every means available: Alex looks straight at us and narrates unchallenged, while camera, lighting and the famous soundtrack keep us on his side. We're meant to root for him, so that we have to take the punishment with him too.

The film is introduced by Brage Kosmo (former student at the European Film College), and the executive committee of the firm club will present themselves and the upcoming program.

Pris: Medlemskap 50 kr · Vaksen 50 kr

Sjå og kjøp billett →

Spooky times med Fjaler Filmklubb

Stad: Trudvang, Jarstadvegen 5, Dale i Sunnfjord, Norge

Dobbelvising: Cat People + The Blair Witch Project

Ladd opp til den skumlaste veka i året med oss! To filmar på éin kveld, skilde av nesten seksti år, men med same grunntanke: Det som verkeleg skremmer, er det vi ikkje får sjå.

Cat People (1942)
Regi: Jacques Tourneur · 73 min · Med Simone Simon, Kent Smith og Jane Randolph

Den serbiskfødde teiknaren Irena forelskar seg i New York, men torer ikkje kome nær mannen ho gifter seg med. Ho er overtydd om at ho stammar frå eit folk som vert forvandla til rovkatter når lidenskap eller sjalusi tek overhand. Med eit lite budsjett laga produsent Val Lewton og Tourneur ein film som skremmer med skuggar, lydar og antydningar i staden for monster. Scena i symjebassenget og den berømte «bussen» skapte ein skrekkteknikk som framleis vert kopiert.

The Blair Witch Project (1999)
Regi: Daniel Myrick og Eduardo Sánchez · 81 min · Med Heather Donahue, Michael Williams og Joshua Leonard

Tre filmstudentar går inn i skogen utanfor Burkittsville i Maryland for å lage ein dokumentar om ei lokal heksesegn. Dei kjem aldri ut att, men opptaka deira vert funne. Filmen kosta nesten ingenting, vart marknadsført som om han var ekte og vart ein av dei mest lønsame filmane nokon gong. Han gjorde «found footage» til ein eigen sjanger og viser at ein steinhaug, nokre kvistfigurar og ein skrik i mørkret kan vere meir enn nok.

Merk: Handhalden kamera kan gje reisesjuke hos nokre sjåarar.

English

Double Feature: Cat People + The Blair Witch Project

Gear up for the scariest week of the year with us! Two films in one evening, made almost sixty years apart, but sharing one core idea: what truly frightens us is what we never get to see.

Cat People (1942)
Directed by Jacques Tourneur · 73 min · Starring Simone Simon, Kent Smith and Jane Randolph

Serbian-born illustrator Irena falls in love in New York, but can't bring herself to get close to the man she marries. She is convinced she descends from a people who turn into big cats when passion or jealousy takes hold. On a shoestring budget, producer Val Lewton and Tourneur made a film that scares with shadows, sounds and suggestion rather than monsters. The swimming pool scene and the famous "bus" gave birth to a horror technique still copied today.

The Blair Witch Project (1999)
Directed by Daniel Myrick and Eduardo Sánchez · 81 min · Starring Heather Donahue, Michael Williams and Joshua Leonard

Three film students head into the woods outside Burkittsville, Maryland, to make a documentary about a local witch legend. They never come back, but their footage is found. Made for next to nothing and marketed as if it were real, it became one of the most profitable films ever made. It turned found footage into a genre of its own and proved that a pile of stones, a few stick figures and a scream in the dark can be more than enough.

Note: The handheld camerawork may cause motion sickness for some viewers.

Pris: Medlemskap 50 kr · Vaksen 80 kr

Sjå og kjøp billett →
Mary and Max (2009)

Mary and Max (2009)

2009

Stad: Trudvang, Jarstadvegen 5, Dale i Sunnfjord, Norge

Mary and Max (2009)
Regi: Adam Elliot · 92 min · Røyster: Toni Collette, Philip Seymour Hoffman, Barry Humphries og Eric Bana

Mary er åtte år, bur i ein forstad til Melbourne og har ingen venner. Ein dag i 1976 vel ho eit tilfeldig namn frå telefonkatalogen for New York og sender eit brev. Mottakaren er Max, ein einsam 44 år gammal mann med Aspergers syndrom, som synest verda er både kaotisk og uforståeleg. Det vert starten på eit brevvenskap som skal vare i tjue år, med sjokolade, spørsmål om kvar babyar kjem frå og alt det vanskelege som ligg mellom.

Adam Elliot, som tidlegare vann Oscar for kortfilmen Harvie Krumpet, brukte fem år på å lage filmen i leire, bilete for bilete. Resultatet er ei gråbrun og sepiafarga verd som er like full av svart humor som av varme. Mary and Max opna Sundance-festivalen i 2009 og vann hovudprisen i Annecy, og har sidan vorte ein kjær kultfavoritt. Ein film om einsemd, venskap og kor vanskeleg og viktig det er å godta andre, og seg sjølv, slik ein er.

Merk: Sjølv om filmen er animert, er han ikkje laga for born. Han tek opp tema som depresjon, alkoholmisbruk og sjølvmordsforsøk.

English

Mary and Max (2009)
Directed by Adam Elliot · 92 min · Voices: Toni Collette, Philip Seymour Hoffman, Barry Humphries and Eric Bana

Mary is eight years old, lives in a Melbourne suburb and has no friends. One day in 1976 she picks a random name from the New York phone book and sends a letter. The recipient is Max, a lonely 44-year-old man with Asperger's syndrome who finds the world chaotic and baffling. So begins a pen-pal friendship that will last twenty years, full of chocolate, questions about where babies come from and all the hard things in between.

Adam Elliot, who previously won an Oscar for his short Harvie Krumpet, spent five years crafting the film in clay, frame by frame. The result is a world of greys and sepia tones, as full of dark humour as it is of warmth. Mary and Max opened the Sundance Film Festival in 2009 and won the top prize at Annecy, and has since become a beloved cult favourite. A film about loneliness, friendship, and how hard and how important it is to accept others, and yourself, as you are.

Note: Although animated, this film is not made for children. It deals with depression, alcoholism and attempted suicide.

Pris: Medlemskap 50 kr · Vaksen 50 kr

Sjå og kjøp billett →
The Secret Garden (1993)

The Secret Garden (1993)

1993

Stad: Trudvang, Jarstadvegen 5, Dale i Sunnfjord, Norge

Den hemmelege hagen / The Secret Garden (1993)
Regi: Agnieszka Holland · 101 min · Med Kate Maberly, Heydon Prowse, Andrew Knott og Maggie Smith

Bli med på juleframsyning for store og små!

Mary Lennox har vakse opp i India og er vand med å få det som ho vil. Då ho misser foreldra sine, vert ho send til onkelen sin på eit stort og dystert gods i England. Der er det mange stengde dører, strenge vaksne og rare lydar om natta. Men ein dag viser ei lita raudstrupe henne vegen til ein nøkkel, og nøkkelen går til ein hage som har vore låst i ti år.

Saman med Dickon, som kan snakke med dyra, og den bortgøymde fetteren Colin, som aldri har vore utandørs, set Mary i gang med å vekkje hagen til liv att. Og etter kvart som blomane spirer, skjer det noko med barna òg.

Filmen byggjer på den klassiske barneboka til Frances Hodgson Burnett frå 1911 og har vakre bilete, eit nydeleg lydspor og Maggie Smith i rolla som den strenge husbestyrarinna. Ei varm forteljing om venskap, mot og kor mykje godt det gjer å bry seg om noko. Perfekt for ein mørk desemberkveld!

For foreldre: Filmen startar med at Mary misser foreldra sine i eit jordskjelv, og nokre scener kan vere litt skumle for dei minste. Passar best for born frå om lag 7 år.

English

The Secret Garden (1993)
Directed by Agnieszka Holland · 101 min · Starring Kate Maberly, Heydon Prowse, Andrew Knott and Maggie Smith

Join us for a Christmas screening for the whole family!

Mary Lennox has grown up in India, used to getting her own way. When she loses her parents, she is sent to live with her uncle in a huge, gloomy manor house in England, full of locked doors, stern grown-ups and strange sounds at night. But one day a little robin leads her to a key, and the key opens a garden that has been locked for ten years.

Together with Dickon, who can talk to animals, and her hidden-away cousin Colin, who has never been outdoors, Mary sets out to bring the garden back to life. And as the flowers begin to bloom, something changes in the children too.

Based on Frances Hodgson Burnett's classic 1911 children's book, the film has beautiful images, a lovely score and Maggie Smith as the strict housekeeper. A warm story about friendship, courage and how good it feels to care for something. Perfect for a dark December evening!

For parents: The film opens with Mary losing her parents in an earthquake, and some scenes may be a little scary for the youngest. Best suited for children aged about 7 and up.

Pris: Medlemskap 50 kr · Vaksen 50 kr · Barn 40 kr

Sjå og kjøp billett →
Lost in Translation (2003)

Lost in Translation (2003)

2003

Stad: Trudvang, Jarstadvegen 5, Dale i Sunnfjord, Norge

Lost in Translation (2003)
Regi: Sofia Coppola · 102 min · Med Bill Murray, Scarlett Johansson og Giovanni Ribisi

Fått nok av ribbe og familieselskap? Kom deg ut i romjula og bli med til Tokyo!

Bob Harris er ein falmande amerikansk filmstjerne som har reist til Japan for å spele inn whiskyreklame for godt betalt. Charlotte er nyutdanna, nygift og har blitt med ektemannen på jobbtur, men han har knapt tid til henne. Begge er søvnlause, rotlause og litt for langt heimanfrå. I baren på det same luksushotellet finn dei kvarandre, og det som følgjer er nokre dagar med karaoke, nattlege eventyr i ein neonlysande by og eit venskap som er vanskeleg å setje namn på.

Sofia Coppola vann Oscar for beste originalmanus, og Bill Murray har sjeldan vore betre, både morosam og såre stille. Med eit draumande lydspor og ei av filmhistoria sine mest omtalte kviskringar er Lost in Translation ein film om einsemd og samhøyrsle, om å kjenne seg framand og likevel bli sett. Kanskje ikkje ein typisk julefilm, men ein film om det som betyr mest når det er som mørkast: å finne nokon å dele det med.

Kanskje ikkje ein typisk julefilm, men perfekt for romjula: dagane mellom det gamle og det nye året, når tida står litt stille og ein har rom til å kjenne etter. Akkurat slik Bob og Charlotte har det, fanga mellom to liv i ein by som aldri søv.

English

Lost in Translation (2003)
Directed by Sofia Coppola · 102 min · Starring Bill Murray, Scarlett Johansson and Giovanni Ribisi

Had your fill of Christmas dinners and family gatherings? Get out of the house between Christmas and New Year and come with us to Tokyo!

Bob Harris is a fading American film star who has come to Japan to shoot a well-paid whisky commercial. Charlotte is a recent graduate, newly married and tagging along on her husband's work trip, but he barely has time for her. Both are sleepless, adrift and a little too far from home. In the bar of the same luxury hotel they find each other, and what follows is a few days of karaoke, late-night adventures in a neon-lit city and a friendship that's hard to put a name to.

Sofia Coppola won the Oscar for Best Original Screenplay, and Bill Murray has rarely been better, both funny and quietly heartbreaking. With a dreamy soundtrack and one of film history's most talked-about whispers, Lost in Translation is a film about loneliness and connection, about feeling like a stranger and still being seen. Perhaps not a typical Christmas film, but one about what matters most in the darkest time of year: finding someone to share it with.

Perhaps not a typical Christmas film, but perfect for the days between Christmas and New Year, when time seems to stand still and there's room to reflect. Just like Bob and Charlotte, caught between two lives in a city that never sleeps.

Pris: Medlemskap 50 kr · Vaksen 50 kr

Sjå og kjøp billett →

Tidlegare visningar

Praktisk info

Kontakt